
Dette er ei lita absurd og humoristisk bok som handlar om ønsket om å bli sett av omverda. Vi følgjer tre jenter/kvinner som kvar på sitt vis slit med å bli sett av omverda.
Maria som studerer sosiologi, men som sper på studielånet med ein vaskejobb. Ho er eigentleg litt lat og navlebeskuande, og fantaserer om å skrive den ultimate oppgåva som vil gjere ho til kjendis.
Alma som får si seksuelle oppvakning på ein noko spesiell måte, og som resten av tida vi følgjer henne, går med eit voldsomt begjær som ho slit med å få metta. Dette er ei stor utfordring for heile familien, og særskilt mora har problem med at dottera ringer sextelefonar og stel pornoblad på butikken der ho har ekstrajobb.
Til slutt møter vi ho som berre blir kalt ”kona til Sebjørn” som ein dag oppdagar at ho ikkje blir verdsatt som heimeverande husmor, verken av mannen sin eller dei åtte ungane. Kjøkkenet er skittent, middagane er ikkje spesielt gode og ungane er så store at dei på ingen måte treng ei mor som er heime lenger.
Olaug Nilssen henta tittelen på denne boka frå ein episode i Dagsrevyen då journalisten Knut Magnus Berge er rasande like før han skal på med eit innslag i Dagsrevyen frå ein annan kant av verda. Det er berre det at Berge ikkje veit han er på lufta når han ropar ”få meg på, for faen”. Han har ein bodskap å dele med oss sjåarar, han vil bli sett, men han kjem seg ikkje på.
Tematikken i boka som er skissert over er alvorleg nok, og det er skrive fleire bøker om temaet om å ønske å bli sett. Kva er det så som gjer denne boka spesiell? Det er den absurde og til dels vanvittige måten ho er skrive på. Olaug Nilssen kosar seg med språket, ho leikar seg med det, slår kollbøtte i det. Antydningas kunst eksisterar ikkje , det er rått, direkte, det slår deg i magen og eg tok meg sjølv i å le høgt mange gongar undervegs. Det er ein naivt formulert råskap som gjer dette til ei lesaroppleving der det slår meg at eg aldri har lese noko liknande. Dette er ei bok ein ikkje stiller seg nøytral til. Eg trur nok mange IKKJE vil like boka, men ho har gitt meg lyst til å lese meir av denne unge, modige forfattaren vi nok kjem til å høyre mykje meir om framover.
Mariann Schjeide